Eikefjord Skulemusikk

Velkomen heim!

ESM2020KornettI kveld vert det stille i amfiet ved Eikefjord barne- og ungdomsskule. Skulemusikken som har samspel her kvar torsdag er avlyst. Nokre av dei eldste musikantane spelar også i vaksenkorps, og er med på NM Brass 2020 i Grieghallen i Bergen. Dit reiser også dirigent og instruktør, slik at musikken i bygda tek ein torsdags pause.

Som vaksen musikant er eg på fjerde året som støttespelar i Eikefjord skulemusikk. For to år sidan fekk eg også høve til å bli med i Florø Hornmusikk om eg konverterte frå stort til lite instrument. Det var nokre år sidan eg hadde flytta attende til bygga. Då eg starta i musikken kom eg heim.

Kvar torsdag kl 18-20, og etter kvart også kvar tysdag dei siste åra, har eg hatt ferie i eiga bygd og by. Nokre timar ute av verda med ein flokk gode born og fine vaksne. Nokre timar der eg får vere med som del av eit større heile, og lage musikk i lag. Med kropp og hovud og (nesten) alle sansar i sving, kan fokus berre vere her og no. Vi er i musikken. Som del i korps er du musikk.

Eg er ikkje spesielt god. Om eg spelar meir mellom kvar gruppe- og samspelsprøve, vil eg kunne bli betre. Men til og med no er eg god nok til å kunne spele mi stemme, åleine og i mi gruppe, og vere ein liten, men viktig del av lydbiletet både som støttespelar i skulemusikken og musikant i hornmusikken.

Musikk er for livet. Har du lært notar og å spele eit instrument, kan du kome heim kor som helst. Om du reiser for å studere, eller flyttar for å jobbe. Og når du kjem attende til bygda eller byen, så er det nesten alltid eit korps å kome heim i.

Som støttespelar i, og styreleiar for, Eikefjord skulemusikk er det dette eg ynskjer for ungane og bygda vår: eit levande korps, der borna kan få lære og kjenne gleda av musikken. Eit korps som kan vere kulturberar av musikk til bygda og områda rundt. Ei bygd med hjarterom for ungar, korps og musikk heile året. Ei bygd med korps å kome heim til.

Eikefjord har hatt skulemusikk sidan 1966. I 54 år har vi hatt eit korps i front 17. mai, og til å spele til jul og ved ulike høgtidsstunder.

I kveld er det stille i øvingslokala våre. Og eg går med ei uro i magen; kor lenge vil vi ha korpset vårt?

Vi treng fleire musikantar, både heilt unge og eldre. Vi treng dei som vil lære, og dei som vil bli, og vere med oss å fylle rekkene med alle stemmene som skal til for å skape det heilet vi vil gje attende til bygda.

På årsmøtet 13.02.20 må vi ta stilling til om Eikefjord skal halde fram å ha eit korps. Styret ynskjer å gje musikken ein sjanse, og eit år til. For å få det til, vil vi mellom anna jobbe for å kunne ta imot nye musikantar i slutten av mars. Då vonar vi mange, mange fleire (ungar) i bygda vil bli med oss, så vi kan ynskje dykk

Velkomen heim!