Det er lov å ha det moro heile tida du driv på med musikk. Vårt korps har fokus på speleglede, sunne miljø, friske og glade barn!
Foto av Nils Petter Fredheim
er eigentleg ikkje anna enn ein konsert der det sit nokon midt i lokalet og noterer kva dei meiner om det som vert framført, før dei gjev korpsa sine vurderingar av kva dei kan bli betre til når dei spelar musikken sin.
Mange synast likevel konkurranse er spanande, og det er ofte forventningar og nervar i spel.
Man kan ikke konkurrere i musikk, men man kan spille musikk i konkurranse!
- Helge Haukås -
Alle kan spele i korps. Dei fleste startar på kornett; den er lett å halde for ein liten kropp, og fylle med rett mengde luft.
Foto fra Facebook
Som dirigent er Ole Edvard vår viktigaste støttespelar. Han leier oss med glimt i auget og ein mild og kameratsleg tone, samstundes som han kan vere streng når han må.
Sjølv har Ole Edvard spelt i HMK Gardes Musikkorps.
Han har også spelt både kornett/trompet og slagverk i andre korps og band. Etter at han flytta heim til Florø har han vore ein aktiv del av musikkmiljøet her, og vore med og spelt i revyar, konsertar og innspelingar
med Eirik Molnes Husabø, og som innleigd solist ved vigsler og gravferder.
Ole Edvard er tilsett ved Flora kulturskule, som er med å bidra til at Eikefjord skulemusikk kan ha glede av å ha akkurat han som dirigent.
er saman med trompet eitt av dei mest allsidige instrumenta i eit korps. Som trombonist kan du spele alle typar musikk, som pop, rock, blues og jazz, og vere med i alle typar orkester, som både storband og symfoniorkester.
Vårt
mål er å gje deg god opplæring og dei beste høva for utvikling!
Når du klarer å gjere notar om til vakker musikk skjer det noko med modninga di som er verdifullt. Du tek kontroll, og lærer konsentrasjon, sjølvdisiplin, og fokus. Desse evnene tek du med deg vidare når du skal studere eller
berre fordjupe deg i noko seinare i livet.
Ingen kan lage korpsmusikk åleine. Alle må dra i same retning. Alle må ha same oppfatning av kva notane står for, det er faglege omgrep som må lærast. Alle må lytte til dei rundt seg, og finne sin plass i musikken. Musikk kjem
frå kjenslene våre; vakker musikk er moden og utvikla.
Bli glad i daglege øvingar: Finn tid, ikkje alltid så lenge. Spel noko du kan av og til, spel noko du ikkje kan kvar dag. Pass på å ha noko som du gler deg til å spele på åleine eller saman med eit stereoanlegg. Set på bakgrunnsmusikk
og spel ein solo, ein song du likar. Spør dirigenten eller instruktøren din, dei vil hjelpe deg til å finne noko som er kjekt!
Musikk er ein hobby som kan utvikle deg og vare livet ut. Korps er sosialt, du kjenner tilhøyre, lærer samspel, vil meistre og oppleve speleglede.
This website uses cookies to ensure you get the best experience on our website.